Om oss

Om oss

10 år med solid arbeidsinnsats

I 10 år har Dimmelsvik Entreprenør AS hatt gleda av å utføra ei stor mengd oppdrag, både store å små. Eigarstrukturen er endra etter start i 2006, men arbeidet har vore godt gjennom alle åra – vi stiller strenge krav til kvalitet og drift, og set kunden i høgsetet.

Trivsel og kompetanse

Dimmelsvik Entreprenør AS har sysselsett ca. 20-25 personar gjennom desse åra, er godkjend som lærebedrift. Vi har vore opplæringsstad for mange lærlingar. Vi ønskjer å vere ein trygg og stabil arbeidsgjevar, og satsar difor i stor grad på fast tilsette. Fast tilsette, saman med unge lærlingar, gjer firmaet sterkt på fagkunnskap og sikrar også nytenking. Dette igjen gjer eit kontinuerleg fokus på metodikk og kvalitet.

Vi bygger bygda vår

Dimmelsvik Entreprenør AS har ei sterk lokal forankring. Vårt fyrste store lokale oppdrag var kunstgrasbana i Rosendal, og deretter har det helde fram med mange små og store oppdrag frå ulike små og store kundar. Arbeid med utvikling av bustad felt, grunn- og betongarbeid ved bygging av bustad, kulturhus, brannstasjon med mange fleire, gjev oss sterk forankring i heile kommunen vår. Dimmelsvik Entreprenør AS kjenner også eit sterkt samfunnsansvar og deltek i mange dugnadsoppgåver som stør opp om det lokale fellesskapet.