Kunden sitt ynskje er i fokus uavhengig av storleiken på arbeidet.
Ta kontakt og me vil gje tilbud på dine ynskjer på entreprenørarbeid. Vi har tilbod på andre tjenester som transport, kraning og utleige av minigravar, kjøretøy m.m.
Vi er godkjent som lærebedrift i faga anleggsmaskinførar, betongarbeidar og anleggsrøyrleggjar.
Dimmelsvik Entreprenør A/S vart stifta i 2006.
Stord Anlegg AS kjøpte Dimmelsvik Entreprenør AS i november 2021 og er eigar av verksemda. Reino A/S og Moss og Søllesvik A/S eigde vekrsemda fram til salet.
Vi har kontorlokaler i Dimmelsvik.
Vi arbeider som sjølvstendig selskap, og Knut Olav Skaar er eigar og dagleg leiar både i Dimmelsvik Enterprenør AS og Stord Anlegg AS. Vi har eit nært samarbeid om fellestenester, som administrasjon og drift. Til saman er vi "eit stort lag" på nært 50 tilsette, og har samla sett ein solid kompetanse innan ingeniørfag, HMS, anlegg- og betong fag. Vi har maskiner frå minigravarar til 30 tonns gravemaskin, hjulmaskiner, hjullastarar, traktorar, lastebilar og semitrailer m.m.
Over 15 ÅR MED SOLID ARBEIDSINNSATS
Dimmelsvik Entreprenør AS har vore aktive i marknaden i over 16 år. Vi har hatt god tilgang på arbeid og kvalifisert arbeidskraft. Vi set krav til kvalitet, både i arbeidet for kundar og i drifta vår. Det er også strenge krav til kunnskap om arbeidet, god HMS for dei tilsette og for samarbeidspartnarar. Verksemda har nyare maskinpark til våre tilsette, og denne vert jamnleg fornya, noko som og kjem våre kundar til gode. Verksemda har arbeidsoppgåver både i og utanfor eige kontor kommunen. Dette krev fleksibilitet blant dei tilsette, men dette gjev gode fritidsordningar.
TRIVSEL OG KOMPETANSE
Verksemda har pr. januar 2023, 25 fast tilsette (inkl. lærlingar). Vi har pr. no fire lærlingar i anleggsfaget og betongsfaget.
Vi leiger og inn tenester frå andre ved behov. Vårt mål er å vera ein stabil og trygg arbeidsgjevar for dei tilsette, og har gode pensjons- og forsikringsordningar. Vi har ei stabil og god arbeidskraft med lang erfaring og brei kunnskap. Samstundes ynskjer vi å satsa på unge nyutdanna, som gjev kontinuitet. Verksemda ynskjer å framstå som ei nytenkjande og lærande verksemd, noko som gjev oss sterke på fag-kunnskap. Vi har stort fokus på metodikk og kvalitet i utførelse av arbeid.
VI BYGGJER BYGDA OG KOMMUNEN VÅR
Vi har ei sterk lokal forankring. Vårt første store lokale oppdrag var kunstgrasbana i Rosendal, og deretter har det halde fram med mange små og store oppdrag for private og offentlege kundar. Arbeid med grunn- og betongarbeid av blant anna bygging av bustadfelt, småkraftverk, veganlegg og VA-anlegg, fotball- og friidrettsanlegg, kulturhus og brannstasjon, som har gjeve oss god forankring i kommunen vår. Dimmelsvik Entreprenør AS kjenner eit sterkt samfunnsansvar og deltek i mange ulike dugnadsoppgåver. Vi bidreg til lag- og organisasjonar, samt støttar opp om det lokale fellesskapet.
Kjøperbedrifter innen bygg- og anleggsnæringen kan inngå abonnementsavtale om bruk av StartBANK kvalifikasjonsordning.
Kjøperbedrifter innen bygg- og anleggsnæringen kan inngå abonnementsavtale om bruk av StartBANK kvalifikasjonsordning.
Achilles Utilities Nordics & Central Europe hereby confirms that Dimmelsvik Entreprenør AS is now fully registered as a supplier in Achilles Nordics & Central Europe Pre-Qualification System for the products/service codes listed in the appendix
Achilles Utilities Nordics & Central Europe hereby confirms that Dimmelsvik Entreprenør AS is now fully registered as a supplier in Achilles Nordics & Central Europe Pre-Qualification System for the products/service codes listed in the appendix
Opplæringslovas krav til faglig kompetanse og har rutiner for opplæring og oppfølging av lærlinger.
Opplæringslovas krav til faglig kompetanse og har rutiner for opplæring og oppfølging av lærlinger.