Våre tenester
Grunnarbeid
Vi har fleire gravemaskiner i ulike storleikar med tilsette med lang og brei kompetanse. Vi tilbyr av minigravarar.
Betongarbeid
Me tilbyr fleire tjenester i betongarbeid og har hatt fleire oppdrag i samband med næringsbygg og minikraftverk. Vi tilbyr og tjenester for støyping av gulv, betongvegger m.m. Ta kontakt for informasjon og tilbud.
Massetransport
Vi har fleire lastebilar til transport av fyllmassar som stein, pukk, jord og sand. I tillegg har vi lastebil m/ kran med stor løfteevne.
Utleige av maskiner og varebil
Vi leiger ut minigravarar og kjøretøy, kor ein ikkje krev kompetansebevis.
Fjellsprenging
Vi utfører ein rekke tjenester innan fjellboring og bergsprengning samt sprengningsleiing.
Meisling av fjell og betong.
Meisling (pigging) er ofte eit alternativ til fjerning av fjellnabbar, blokker og stein utan bruk av sprengstoff. Vi har godt utstyr og kompetanse innan feltet.
Vann og avløp
Vi graver og legger til rette for at vatn- og avløypssystem skal ha god kvalitet med vårt arbeid.
Asfaltering
Me gjev tilbud på asfaltering.
Asfaltering saman med Velde Asfalt AS, oktober 2019 i Rosendal.
Om oss
Dimmelsvik Entreprenør A/S vart stifta i 2006.
Stord Anlegg AS kjøpte Dimmelsvik Entreprenør AS i november 2021 og er eigar av verksemda. Reino A/S og Moss og Søllesvik A/S eigde vekrsemda fram til salet.
Vi har kontorlokaler i Dimmelsvik.
Vi arbeider som sjølvstendig selskap, og Knut Olav Skaar er eigar og dagleg leiar både i Dimmelsvik Enterprenør AS og Stord Anlegg AS. Vi har eit nært samarbeid om fellestenester, som administrasjon og drift. Til saman er vi "eit stort lag" på nært 50 tilsette, og har samla sett ein solid kompetanse innan ingeniørfag, HMS, anlegg- og betong fag. Vi har maskiner frå minigravarar til 30 tonns gravemaskin, hjulmaskiner, hjullastarar, traktorar, lastebilar og semitrailer m.m.
Over 15 ÅR MED SOLID ARBEIDSINNSATS
Dimmelsvik Entreprenør AS har vore aktive i marknaden i over 16 år. Vi har hatt god tilgang på arbeid og kvalifisert arbeidskraft. Vi set krav til kvalitet, både i arbeidet for kundar og i drifta vår. Det er også strenge krav til kunnskap om arbeidet, god HMS for dei tilsette og for samarbeidspartnarar. Verksemda har nyare maskinpark til våre tilsette, og denne vert jamnleg fornya, noko som og kjem våre kundar til gode. Verksemda har arbeidsoppgåver både i og utanfor eige kontor kommunen. Dette krev fleksibilitet blant dei tilsette, men dette gjev gode fritidsordningar.
TRIVSEL OG KOMPETANSE
Verksemda har pr. januar 2023, 25 fast tilsette (inkl. lærlingar). Vi har pr. no fire lærlingar i anleggsfaget og betongsfaget.
Vi leiger og inn tenester frå andre ved behov. Vårt mål er å vera ein stabil og trygg arbeidsgjevar for dei tilsette, og har gode pensjons- og forsikringsordningar. Vi har ei stabil og god arbeidskraft med lang erfaring og brei kunnskap. Samstundes ynskjer vi å satsa på unge nyutdanna, som gjev kontinuitet. Verksemda ynskjer å framstå som ei nytenkjande og lærande verksemd, noko som gjev oss sterke på fag-kunnskap. Vi har stort fokus på metodikk og kvalitet i utførelse av arbeid.
VI BYGGJER BYGDA OG KOMMUNEN VÅR
Vi har ei sterk lokal forankring. Vårt første store lokale oppdrag var kunstgrasbana i Rosendal, og deretter har det halde fram med mange små og store oppdrag for private og offentlege kundar. Arbeid med grunn- og betongarbeid av blant anna bygging av bustadfelt, småkraftverk, veganlegg og VA-anlegg, fotball- og friidrettsanlegg, kulturhus og brannstasjon, som har gjeve oss god forankring i kommunen vår. Dimmelsvik Entreprenør AS kjenner eit sterkt samfunnsansvar og deltek i mange ulike dugnadsoppgåver. Vi bidreg til lag- og organisasjonar, samt støttar opp om det lokale fellesskapet.
Startbank
Kjøperbedrifter innen bygg- og anleggsnæringen kan inngå abonnementsavtale om bruk av StartBANK kvalifikasjonsordning.
Achilles
Achilles Utilities Nordics & Central Europe hereby confirms that Dimmelsvik Entreprenør AS is now fully registered as a supplier in Achilles Nordics & Central Europe Pre-Qualification System for the products/service codes listed in the appendix
OKAB
Opplæringslovas krav til faglig kompetanse og har rutiner for opplæring og oppfølging av lærlinger.
Dette er en HTML-modul som trengs for å vise popup-vinduer når du klikker "Les mer". Vær så snill og slett den ikke. Det er ikke synlig på den offentlige siden.